Velkommen‎ > ‎

5 stjerners camping

 
Fra en artikkel i Valdres av: TOR HARALD SKOGHEIM
 
Det er klassifiseringsutvalet i Reiselivsbedriftenes Landsforening (RBL) som har gjeve denne anerkjenninga til Vasetdansen etter kontrollen i sommar (2003). Det er utarbeidd felles regelverk for dei nordiske landa, og det er berre dei aller beste som får fem stjerner. I Sverige er det fem plassar som har kome i elitedivisjonen, her i landet er det berre Skottevik maritime senter ved Kristiansand og Hardangertun ved Kinsarvik som er i klasse med Vasetdansen.
 
Høg kvalitet
Vasetdansen har sidan 1990 hatt fire stjerner, den nest høgaste klassen i RBL-systemet. I reiselivsguiden for 2002 blir det endå ei til, og fagsjef Bjørn Arnesen i RBL er raus med godorda når han skal grunngje denne tildelinga.
- Brørne Løkken har teke særs godt vare på det som to generasjonar før dei har bygt opp, og utvikla det vidare. Vasetdansen ligg flott til ned mot elva, alt har preg av høg kvalitet, både materialval, vedlikehald og service. Det tekniske er heilt på topp, det er pent og ordentleg og vertskapet er hyggelege og hjelpsame. Dette er klare tilbakemeldingar vi får også frå dei mange gjestene, seier Arnesen.
 
Eigne konsulentar
- Korleis bedømmer de dei ulike plassane?
- Vi har fem konsulentar som kvart år reiser rundt for å kontrollere. Dette er folk som sjølve har lang fartstid i bransjen, og som veit kva dei skal sjå etter. Arnt Sveen, som har ansvar for Midt- og Vest-Norge, meinte at Vasetdansen no låg an til å koma i gjevaste klassen, fortel Arnesen. Reglane krev at to er med på bedømminga når det står om fem stjerner, og han sjølv vart difor med.
- Vi var ikkje i tvil, ingen ting manglar, denne plassen har alt. Ikkje minst gjeld det tilrettelegging av eit omfattande og variert tilbod av aktivitetar, både sommar og vinter, seier Arnesen, som også skryter av puben med grillplass som er bygd ute på øya i Tisleia.
 
Mange aktivitetar
Brørne Rolf Ulrich (39) og Ola Løkken (36) er sjølvsagt strålande nøgde med dei fem stjernene som gjer at Vasetdansen er ein av berre tre i elitedivisjonen blant norske campingplassar.
- Ekstra moro er det at vi er den fyrste i innlandet, og den einaste som driv heile året, seier Ola.
- Veit de sjølve kva som var avgjerande for opprykket frå fire til fem stjerner?
- Aktivitetstilbodet er nok særs viktig, her skil plassane seg mykje frå kvarandre. På vinteren har vi eit løypenett på 120 kilometer, og vi har skiheis like ved. Om sommaren er det turstigar og mulegheiter for fisking, bading og sykkelturar, fortel Rolf Ulrich. Ola legg til at det også er volleyballbane og leikeplass for dei minste.
 
Tilrådd i Tyskland
På Vasetdansen er det om lag 200 oppstillingsplassar for campingvogner, dei fleste har tilgang på både straum og kabel-fjernsyn.
- Vi har også 20 hytter av ulik storleik og standard, eitt stort sanitæranlegg og eitt noko mindre knytt til kroa. Dessutan har vi ei ganske omfattande daglegvareforretning som er open 363 dagar i året, seier Ola. Han fortel at Vasetdansen har toppkarakter også hjå Norsk Caravanklubb som har sine eigne kontrollørar, og at dei er spesielt tilrådd (med gul stjerne) hjå tyske ADAC, som svarar til NAF i Norge.
Når vi spør etter planer om utvidingar, ristar begge på hovudet.
- No får vi konsentrere oss om å ta godt vare på det vi har fått til, svarar Rolf Ulrich.
SITAT: «Her manglar ingen ting». Fagsjef Bjørn Arnesen i RBL